Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet og den eldste festivalen i Noreg. Årleg samlast omlag 1000 aktive spelemenn, folkesongarar og folkedansarar på Landskappleiken, for å tevle i folkemusikk og folkedans.
Det er fyrste gong kappleiken arrangerast i Setesdal. Dei som enno ikkje har fått augo opp for det særeigne ved setesdalskulturen, har ein god sjans no. 3000 - 4000 tilreisande kjem kvart år til kappleiken.
– Det er eit viktig arrangement for oss. Her møtast heile Noregs levande kulturarv. Det er ein viktig, inspirerande og interessant møteplass for oss om formidlar og forvaltar av setesdalskulturen, seier direktør ved Aust-Agder museum og arkiv, Ellen Aslaksen.
Ho er sjølv til stades på Hovden.
– For alle som driv med kulturarv er det ekstra viktig å møtast, seier ho.
Stand med stort utval
Aust-Agder museum og arkiv er til stades på fleire vis. Fleire tilsette deltek i tevlingane og museet er med på fleire samarbeidsprosjekt. Setesdalsmuseet har eiga stand der du kan kjøpe t-skjorter, bøker, kassettar, munnharper og anne snacks frå Setesdal.
Setesdalskunstnaren Olav Bjørgum er kjent for sine flotte og humoristiske trykk og illustrasjonar. Setesdalsmuseet har fått heile kunstsamlinga etter Bjørgum i gåve. Setesdalsmuseet på Bjugsbakk viser ein del av teiknaren Olav Bjørgum sine bilete i utstillinga «Olav Bjørgum – portrettmeistaren». I samband med Landskappleiken har dei lånt ut sju trykk og ein akvarell frå samlinga til Bykle & Valle kunstlag. Utstillinga kan sjåast på Hovden kunsthandel fram til 8. august. Bileta har dansemotiv og nokre av teikningane har truleg ikkje vist tidlegare.
Støtter samtidskunst
Samtidskunstprosjektet GRAC, (Grim Residency for Artists and Curators) inviterer kunstnarar og kuratorar frå Norge og utlandet til regionen og koplar dei med lokale nettverk, ressursar, tradisjon og ekspertise. Under Landskappleiken inviterer dei til eit fullspekka kunstprogram på Fjellgarden Hovden. HEARTH`S EYE er et utstillings- og performanceprogram som samlar kunstnarar i Setesdal. På programmet står blant anna utandørs utstillingsopning, musikkprogram og fottur. Prosjektet er støtta av Setesdalsmuseet, og kunstnarane har blant anna vitja Jernvinnemuseet på Hovden for inspirasjon til prosjektet.