– Vi er kjempestolte over at Bjoren no blir freda. Det stadfester at ho er ein viktig del av historia i Noreg. Med fredingsvedtaket sikrar vi at Bjoren blir bevart slik ho er i dag, seier Therese Mølø Larsen, kaptein på D/S Bjoren.
Den særmerkte farkosten blei bygd i 1866. Frå 1867 til 1957 var dampbåt ein viktig del av samferdsla i Setesdal, og frakta passasjerar og gods på den lange Byglandsfjorden. Opphavleg var det to skip, D/S Bjoren og D/S Dølen. D/S Bjoren trafikkerte først på Kilefjorden, medan D/S Dølen gjekk på Byglandsfjorden. I 1897 blei Bjoren flytta til Byglandsfjorden. Med bygginga av bilvegar frå 1920-talet minka trafikkgrunnlaget, og på 1950-talet var det slutt. Ei tid blei Bjoren brukt som kafé ved campingplassen på Ose.
Redda, verna og freda
Rundt 1970 starta ein aksjon for å berge det som var igjen av båten og få han restaurert. I 1994 var skipet igjen seglingsklart.
Bjoren blei varsla freda i 2013 på grunn av fartøyet sine kultur- og kjeldehistoriske verdiar knytte til norsk samferdselshistorie, særleg i Setesdal. «Bjoren» representerer den tidlege trafikken på innlandske vassvegar og er difor eit særs viktig verneobjekt, meiner Riksantikvaren.
I dag er dette flytande kulturminnet ein av dei viktigaste attraksjonane i Setesdal om sommaren. Bygland kommune eig skipet, medan Setesdalsmuseet står for drifta. Frivillige legg ned ein stor dugnadsinnsats kvart år for å halde båten ved like.
Bjoren kan ta 55 passasjerar og køyrer ein tur på om lag to timar i juni, juli og august. På kvar tur trengst det fire tilsette: ein kaptein, ein maskinist og to matrosar. Til ein tur går det med eit kvart mål ved, og maskinisten må starte fyringa fire timar før avgang.
Tre freda bygg frå før
Aust-Agder museum og arkiv skal arbeide for at verdfulle kulturminne, bygningar, gjenstandar, arkiv og andre informasjonsberarar av historisk og administrativ verdi blir samla inn, tekne vare på og gjorde tilgjengelege for allmenta, for forsking og for kulturelle og administrative føremål. Vi skal vere ein døropnar til fortid, samtid og framtid og eit leiande fagmiljø for arkiv og museum.
Frå før har AAma ansvar tre freda bygg: Angelstad skysstasjon i Tvedestrand, skipperhuset Merdøgaard og Rygnestadtunet i Setesdal. Våningshuset på Angelstad blei freda av Riksantikvaren i 1975. Merdøgaard blei freda i 1924, og Rygnestad i 1923.
Når eit bygg eller fartøy blir freda, er det fordi det har særleg høg kulturhistorisk verdi. Det er strenge krav til vedlikehald, som må gjerast med tradisjonelle teknikkar og riktige materialar.
Fredningsmarkering 13. juni
– Eg er veldig stolt over arbeidet som er gjort for å få fredinga av Bjoren på plass. Det er stas at vi i AAma no har eit verna fartøy i samlinga vår. Vi pliktar å ta vare på Bjoren og dei andre freda bygga våre, slik at denne delen av vår felles historie blir bevart og formidla til framtidige generasjonar, seier Ellen Aslaksen, direktør i Aust-Agder museum og arkiv.
Ho oppmodar alle som har høve til det, om å få seg ein båttur på Byglandsfjorden i sommar. Den 13. juni i år blir det fredingsmarkering på Bygland, open for alle. Riksantikvaren kjem, og det blir ei verdig markering.
– Dette er ein viktig merkedag for D/S Bjoren og for alle som har arbeidd for at båten er på vatnet i den stand ho er i dag. Vi takkar for godt samarbeid med Agder fylkeskommune, Bygland kommune og Riksantikvaren for å få dette til, seier Hind Helene Harira, leiar ved Setesdalsmuseet.