– Dette tilskotet frå Kulturdirektoratet er svært viktig for oss. Rygnestad er freda og ein uerstatteleg kulturskatt, og det har høg prioritet å ta vare på desse bygningane og kulturlandskapet kring dei, seier leiar for Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira.
Termiske kamera
Midlane kjem gjennom tilskotsordninga «Sikring av museum», og skal gå til tiltak som kan førebyggje og redusere skadar som følgje av mellom anna brann, tjuveri, hærverk og naturhendingar.
AAma har søkt om og fått midlar til brannsikring av Rygnestad. Pengane skal gå til termiske kamera og utvendige sløkkjepostar. I tillegg skal vi byte ut pulverapparat med vanntåkeapparat og CO2-apparat, som gjer mindre skade på dekor, gjenstandar og bygningar.
Freda
Rygnestadtunet er eit rotfast, freda museumstun. Bygningane er daterte frå mellomalderen og fram til 1900-talet, og gjev eit tidsbilete av tradisjonell gardsdrift før hamskiftet. Det er få gjenstandar i bygningane, men enkelte større gjenstandar stammar frå tida då garden var i drift. I stabburet, Rygnestadloftet, er det teke vare på mellomalderkunst som eigaren Vonde-Åsmund etter tradisjonen skal ha hatt med seg heim frå tida som leigesoldat på kontinentet. Her finst ei unik samling av tekstilmåleri datert til 1400- og 1500-talet.
I den eldste delen av våningshuset er det nytta tømmer frå eit hus som ein reknar med vart bygd før 1350, medan fjøset vart bygd så seint som på 1900-talet. Våningshuset og dei to lofta vart freda i 1923. Sidan 1940 har garden vore museum. «Trihågeloptet» ved sida av våningshuset er eit loft i tre fulle etasjar, særmerkt i sitt slag. Rygnestadloftet er bygd av tømmerstokkar med uvanleg store dimensjonar.
Kulturlandskap
Rygnestadtunet har til saman ti antikvariske bygningar. Kulturlandskapet rundt er særs godt bevart og er valt ut som eitt av 32 særskilt utvalde kulturlandskap i Noreg. Det er knytt utfordringar til å sikre desse uerstattelege nasjonale verdiane i eit miljø som er ope for publikum, samstundes som kvar oppgradering må vegast opp mot risikoen for å redusere den antikvariske verdien.
– Våningshuset på Rygnestad har nyrestaurerte vindauge, men skal gjennom ei større restaurering, og det er fleire tak på tunet som restaurerast i sommar. Difor er det ikkje omvisar på tunet i år, men det er likevel mogleg å besøke uteområdet og sjå på dei flotte bygga frå utsida. Vi ser fram til å invitere publikum inn i bygga neste sommar. Heldigvis opnar den vakre lensmannsgarden Tveitetunet i sommar, seier Harira.